onsdag 30. juli 2014







Kvalvik fort




Kvalvik fort er eit av dei best bevarte kystforta frå 2. verdskrigen. 

Inneheld mange informasjonstavlar. Kvalvik fort vart starta bygd våren 1943, men var enno ikkje ferdig då freden kom. Batteriets oppdrag var å hindre innseglinga til fjordane og ha kontroll med Omsundet. 

Kvalvik Fort var eitt av 400 kystfort i "Festung Norwegen". Mannskapsstyrken var i november 1944 på 100 mann. Hovudskyts:4 stk 12cm kanonar av type k370, 2 stk 4,5cm panservernkanonar,2 stk 20mm luftvernkanonar. 

Etter frigjeringa vart batteriet lagt ned, og alle skyts og anna utstyr vart demontert og fjerna. I starten på byggeperioden var russiske krigsfangar med i arbeidet. Dei heldt til i ein fangeleir utanfor fortområdet. Alt utstyr og materiell vart frakta inn sjøvegen, og i bukta var det laga kai. Herifrå gjekk eigen jernbane. Ein plankesti førte inn til området frå Kvalvika. 

Kvalvik fort var omkransa av piggtrådsperringar og minefelt. Når ein går inn i dei ulike bunkerane, får ein eit innblikk i korleis det var å vere utplassert soldat under den 2. verdskrigen. På uteområdet til fortet er det montert ein 15cm kystkanon, torpedo og ein stor lyskastar. Inne i ein av fjellhallane er det av og til utstilling av andre effektar frå krigstida. Museet samarbeider med Nordmøre museum.

(Kjelde: gamle Frei kommune)





kvalvik.jpg

Last ned:

Lagt inn 8. mars 2012 av Frode Gullstein

An error has occurred. Error: Høyremarg is currently unavailable.
(C) Kvalvik Forts Venner - sponset av Ramvik AS - www.ramvik.no